1x
1.5x
2x

Utdatert nettleser

Vi oppdager at du benytter en utdatert nettleser som ikke støttes av siden. For å oppleve siden vi vil anbefale å benytte ett av alternativene under.

Sylterull Mp 74420 500
Sylterull Mp 74420 500

Smaken av tradisjon

Sylte er ein tradisjonsrik matrett i juletida og moro å lage.

Dette treng de

Slik gjer de

Dette treng de

Til ein porsjon treng de:

  • 12 stk. grisehovud
  • 5 l kokande vatn
  • 5 ts salt (til børsting)
  • 3 ts salt (til kokevatnet)
  • 1 ts malt pepar
  • 12 ts malt ingefær
  • 12 ts malt nellik
  • 12 ts malt allehande
  • 2 stk. gelatinplater

Slik gjer de

Felles måltid aukar kjensla av fellesskap og tilhøyrsle. Her kan elevane lage sitt eiga bidrag til ei fin juletid for familien sin.

Oppskrifta er henta frå Norsk tradisjonsmat og kjem frå Øyer i Oppland. Det heitte seg at ein skulle slakte grisen ved nymåne, for då veks kjøtet i gryta.

Slik gjer de:

  1. Nytt eit magert svinehovud. Ein kan då lage sylte berre av dette. Er hovudet fett, må ein nytte noko kalvekjøt (til dømes bog) attåt.
  2. Ta ut hjernen og børst hovudet godt i kaldt vatn med ei børste dyppa i salt. Skjær bort knutar av fett. Legg hovudet i kaldt vatn i 1-2 døgn (bytt vatnet morgon og kveld).
  3. Legg ei rist i botn av ei kjele. Legg i hovudet i kokande salta vatn, med svorsida ned. La kjøtet koke til det er mørt. Ta det opp, legg hovudet i ei langpanne og skjær svoren med cirka 0,5 centimeter tykt fleskelag frå (ta av svoren på begge sider av ørebrusken). Kok hovudet litt lenger viss kjøtet ikkje er mørt.
  4. Skjær kjøtet og flesket i tynne skiver og legg det kvar for seg.
  5. Vri opp eit klede i varmt vatn og legg det i eit fat eller på ein djup tallerk. Legg først svor på kledet, så flesk og kjøt lagvis med dei blanda kryddera og den blauta og klipte gelatinen. Legg eit lag flesk og svor øvst. Brett kledet fast saman om sylta, sy til eller knytt for.
  6. Kok sylta i krafta i kring 30 minuttar eller til ho er gjennomvarm. Ta sylta opp. Legg sylta i press straks, og la den stå til den er kald.
  7. Legg sylta i syltelaken (oppskrift under). Fjern kledet etter 5-6 dagar, og sylta er klar til bruk.

Syltelake:

  • 4 liter vatn
  • 0,5 liter fint salt

Rør saltet ut i vatnet. Legg sylta i laken. Viss saltet ikkje er ganske reint, bør laken koke først og så bli kald. Blir laken ståande for lenge eller for varmt, kan den bli øydelagd og måtte bytes.

Et vel!

Bildet er henta frå www.matprat.no.

Klar for oppgåve?

TIPS

Norsk smaksskule kurser skole- og barnehageansatte i hvordan de kan jobbe med smak, mat og råvarer sammen med barna.

KOMPETANSEMÅL

Etter 10. årssteget

  • lage mat for ulike sosiale samanhengar og drøfte korleis mat er med på å skape identitet

Meir lærerik moro

Legg til i favoritter

Til toppen